Slik kan vi ikkje ha det!

Av
DEL

LesarbrevNok ein gong blir forskjellen mellom fattig og rik tydlegare. Dersom du ikkje har foreldre med høg utdanning, profilerte jobbar eller fleire eigendommar vil du dessverre merke dette. Dersom du i tillegg ikkje har fast jobb, eller har ei lita stilling vil du ikkje ha moglegheit til å spara opp pengar.

Eg er tilsett i Vågå Kommune som helsefagarbeidar, og kampen om arbeid har ikkje vore enkel. I tillegg er det små stillingar som blir utlyst for å få turnusen til å gå opp. Dette betyr at vi som unge og nyutdanna sit med ei lita stilling og må heile tida jakte ekstravakter for å få det økonomiske til å gå rundt. Utan ei fast heil stilling er det uråd å kome inn i bustadmarknaden og få lån.

Har du familie må dei vera innstilt på at mor må reise på timen for å få den ekstravakta ho treng og da blir både barnefødselsdag, fotballtrening og andre familiesysler nedprioritert.

Slik kan vi ikkje ha det! Arbeiderpartiet vil nå ha ei nasjonal satsing på heiltidsstillingar i kvinnedominerte yrker.

Dette er viktig. På den måten vil vi få det meir attraktivt å gå inn i slike yrke som i neste omgang vil gje auka tryggleik og sikkerheit rundt våre eldre og sjuke som tross alt treng desse tenestene.

I årets kommuneval er eg den yngste kandidaten på Vågå Arbeidarparti si liste, eg gler meg til å kunne arbeide vidare med dei viktige oppgåvene vi har innan helse og sosial. Vi pliktar å gje våre eldre ein verdig alderdom og våre nyutdanna helsearbeidarar ei stilling dei kan leva av!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags