Spar barna våre for trådlaust utstyr i skulen

Av
DEL

MeningerOnsdag den 14. november var den eine av oss representert blant foreldra på eit storforeldremøte i Vågåmo om nettvett, nettmobbing og korleis vaksne kan vera gode rollemodellar for dei yngre på nett. Vi sendar ein varm takk til Ingrid Grimsmo Jørgensen for eit engasjerande føredrag. Ingrid er ein dyktig føredragshaldar med mange gode poeng om korleis vi kan lære ungane våre godt nettvett og å unngå krenking på nett.

Underteikna sit att med eit stort spørsmål: Kvifor gje ungane våre tilgang på eit verktøy som potensielt kan valde dei så mykje skade? Da underteikna konfronterte Ingrid med dette spørsmålet etter møtet (for det var ikkje sett av tid til spørsmål under møtet), var løysinga hennar å få ungane på nett tidlegast mogleg slik at dei i ung alder lærer seg å takle slike utfordringar. Dette ville vera ei grei nok løysing viss krenkingar var det einaste problemet med å vera på nett.

Vi ser dessverre dette same snevre fokuset innan skuleverket i Vågå, og dessverre den same manglande viljen til å setja seg inn i potensielle problem ved bruk av skjerm og trådlause nettverk. Vi ser mange andre moglege farer, både psykiske og fysiske. Seinast søndag den 11. november las vi i avisa «The Telegraph» i Storbritannia om korleis lærarar der går saman om å be myndigheitene utsetja innføringa av trådlause nettverk i skulane til det er utført meir forskning på bruk av trådlause nettverk og risiko for kreft. Lærarane, med generalsekretæren for lærarunionen Voice som talsmann, peika på at stadig meir forskning viser at det er ein samanhang mellom desse to (www.telegraph.co.uk/news/uknews/2465702/Wireless-internet-should-be-banned-from-schools-say-teachers.html). Denne informasjonen åleine burde vera meir enn nok til å få oss til å setja på bremsa.

Så er vårt neste spørsmål: Kvifor tillet vi at ungane våre brukast som prøvekaninar i dette store trådlause internett-forsøket? Og kvifor pressar myndigheitene på for at det skal skje?

På spørmål nr. 1 mistenkjer vi at svaret er at nordmenn flest allereie er «datafiserte» og dermed avhengige av data og mobil, og at vi dermed korkje ønskjer eller klarar å lausrive oss frå det. På spørsmål nr. 2 oppfordrar vi alle til å undersøkje kva som kan vera det eigentlege motivet bak bl.a. vedtak om nettbruk i skulane, og om kven som står bak forskninga som myndigheitene støttar seg på. Kan det vera pengar som rår? Tjener nokon seg rike på at heile Norge er på nett?

Som foreldre ønskjer vi at vi vaksne tek desse utfordringane med barn og nettbruk på alvor. Vi ønskjer oss medbestemming over vårt eige barn si læring og utvikling på dette området, og at dataopplæring derfor skal vera utelatt eller i det minste valfritt dei fyrste åra i grunnskulen. I tillegg ønskjer vi mobilfrie skular, og ber alle som let ungar vera på nett om å i det minste plugge inn ei ledning for å unngå trådlause nettverk. Vi vaksne – særleg foreldre og lærarar – må skjerpe oss og samarbeide om å skjerme ungane våre.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags