Sjølvsagt skal vi ha ein kulturskule i Vågå!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerFor å få slått det fast med ein gong: Vågå Arbeiderparti ynskjer å ha ein kulturskule i Vågå.

Kulturskulen er - og vil og framover vere eit viktig tilbod til barn og unge. Samstundes har Vågå kommune store utfordringar med å få pengane til å strekkje til. Ein slik situasjon er krevjande og vi må ta grep som ikkje er like populære hjå alle. Vi i Vågå Arbeiderparti har hatt lange diskusjonar om prioriteringar. Vi ynskjer å oppretthalde leirskuletilbudet som kjem alle elevane til gode, vi ynskjer å oppretthalde minstefradraget på eigedomsskatten som kjem alle til gode og ikkje minst dei som har de lågaste inntektene og vi ynskjer å ha eit felles lærlingkontor. Både helse og omsorg og skule/barnehage har hatt omfattande reduksjonar.

Vågå Arbeiderparti har foreslått ein reduksjon på kulturskulen for 2018 frå 1,8 mill til 1,6 mill. Ut i frå dagens elevtal vil dette seia at kulturskulen får ca kr. 13.000,- til disposisjon pr. elev i 2018. Dette er ein høgare sum pr. elev enn det t.d. Sel kommune brukar i sin kulturskule. For denne summen bør det vere mogleg å ha ein god kulturskule, utan at kulturskulen verken blir rasert eller nedlagt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags