Privatisering står i vegen

Av
DEL

LesarbrevKommentar til Anders Bjørnsen frå Senterpartiet vedkomande privatisering av kommunale vegar i Vågå.

Før jul gjekk Bygdalista(BL), Senterpartiet(SP) og Sosialistisk Venstreparti(SV) saman i kommunestyret og bestemte seg for at vegar utanfor sentrumsområdet i Vågåmo, Lalm og Tessanden skal privatiserast med ei «innsparing» på 3 millionar fram til 2022 og med direkte verknad på 1 million no i år. Senterpartiet tok både innbyggjarane og oss i Arbeiderpartiet på senga med å foreslå det direkte i budsjettmøtet. Kvifor vart ikkje dette forslaget lagt fram i formannskapet slik at det hadde vore ein del av høyringa av budsjett og økonomiplan. Eit så omfattande vedtak med så store konsekvensar burde vore sendt ut på høyring slik at alle hadde fått moglegheit til å koma med innspel eller motsegn på dette.

Vågå Kommunestyre har tidlegare gjort vedtak om å få utarbeidd ein rapport kring kommunale/private vegar. Administrasjonen har orientert om status i dette arbeidet i HTLN i 2018. Det blir difor totalt feil når ein legg opp til «innsparingar» før ein har denne rapporten ferdig. Dette betyr i praksis at Senterpartiet og Bygdalista allereie har bestemt seg for å privatisere vegane.  Vågå Arbeiderparti leverer budsjett og økonomiplan kvart år som er i balanse. Samtidig som vi har gått inn for innsparingar i millionklassa og vi har ikkje auka lånegjelda. Detta har vi og gjort for 2019 UTAN å måtte ta vegen om privatisering av kommunale vegar. Vågå Arbeiderparti leverte eit budsjett og ei økonomiplan i balanse for komande planperiode. Vi har andre prioriteringar enn SP og BL. Vi trur ikkje at privatisering av veg er vegen å gå, og vil stå på for å få stoppa dette hasardiøse forslaget.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags