Lovbrot i Vågå kommune?

Av
DEL

LesarbrevVågå SV meiner at helsetenestene for ungdommen i Vågå har så låg kapasitet at det er grunnlag for å påstå at Vågå kommune bryt lova som skal sikra ungdommen desse tenestene.

Som leiar i Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg (HOKO) er eg glad for at Vågå SV har «hugsott» for tenestene det her er prat om, men klarar ikkje å sjå at Vågå SV sin omtale av tenestene stemmer med det eg oppfattar er situasjonen.

Ein ting vi heilt sikkert er einige om er at det skal leggjast til rette for at ungdommane våre skal gå ut i verda som robuste individ med god balast. Så kan vi sikkert diskutera korleis dette best kan gjerast men det er ein diskusjon eg ikkje tykkjer høyrer heime i avisene da dette er tema det er lett å «prata forbi» kvarandre på.

Dei verdfulle innspela er ikkje fyrst og fremst kor skal vi bruka større ressursar, vi ser alle område vi meiner må styrkjast. Større ressursar trengst på fleire områder ettersom kommunen får tilført fleire oppgåver utan at midlar følgjer med.

Dei interessante politiske innspela er etter mi meining kvar vi skal kutte eller kunne skaffe større/nye inntekter. Idear om smartare måtar å løyse oppgaver på er og viktig skal vi klare å oppretthalde tenestene vi har i dag.

Skal Vågå kommune klara å levera må vi finna oss i å prioritera og bruka kvar einaste krone mest mogleg fornuftig.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags