Kulturskulen – ei gullgruve for Vågå si framtid

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerAttraktive arbeidsplassar, ungdom som kjenner at dei høyrer til, førestellingar med over hundre barn i samarbeid, sosial inkludering, integrering og pur skaparglede. Er det ikkje akkurat det vi ønskjer oss i kulturbygda Vågå?

Best av alt: Vi har det. I Vågå kulturskule. Enn så lenge.

Arbeiderpartiet støttar Bygdalista sitt forslag om å utgreie om ein kan kutte midlar frå kulturskulen og føre drifta over til friviljuge lag og organisasjonar, slik at laga kan ta over kommunens lovpålagte oppgåve om å ha ei kulturskule. Målet: Spare 350.000 kronar i året frå 2019.

«Vi må snu kvar ein stein», blir det sagt. Men ved å fjerne grunnstein frå kulturskulen, kuttar Ap og Bygdalista samstundes arbeidsplassar, tek vekk noko av mangfaldet i kulturlivet og minskar breidda i aktivitetstilbodet til barna i kommunen. Som engasjerte foreldre og vagverar spør vi: Er dette eit framtidsretta grep for livskvalitet, vekst og utvikling i bygda vår?

Utgiftene til kulturskulen kan ikkje berre fordelast på kvar enkelt elev i dette reknestykket. Det handlar òg om arbeidsplassar, førebyggjande helsearbeid, trivsel, livskvalitet og ringverknader vi berre anar omfanget av.

Som foreldre til barn i kulturskulen i Vågå opplev vi kvar veke kor viktig det rike og unike tilbodet i Kulturskulen er for barna våre. Vi ser gleda, mestringa og undringa dei sit att med etter møte med ein lærar med engasjement som overgår våre forventingar. Vi ser at barn og unge veks som individ, opplever fellesskap og det å høyre til i eit miljø. Heilt i tråd med forskinga som visar at kultur er eit tilbod med låg terskel som både førebyggar fedme, angst, depresjon og bidreg til høgare livskvalitet.

Friviljuge eldsjeler kan lære barna våre mykje dei òg, men korleis skal desse klare å tilby ei undervisning på same nivå som lærarar med både pedagogisk og kunstnarisk utdanning? For å kunne arbeide i kulturskulen er det eit krav at ein har minst tre år med kunstnarisk og pedagogisk utdanning. Fordi utdanninga gir lærarane reiskapane dei treng for å kunne tilby ei undervisning som er tilpassa kvar enkelt elev. Ei organisering med friviljuge vil bli meir tilfeldig pedagogisk, meir sårbar for tilgang på krefter og tid, og mangle ramane som det stilles krav om for å sikre stigande utvikling av elevane over tid. For kven skal kunne følje opp dette om nett administrasjonen av kulturskulen kuttast? Måla i rammeplanen til Norsk kulturskuleråd om høg kvalitet kan ein då berre sjå langt etter.

Og kva med dei friviljuge? Vil dei ta over kommunens lovpålagte ansvar? Er dei spurt om dei vil bytte ut tida dei nyttar til eigne hobbyar i lett og lystig lag til timar med undervisning? Vågå kulturskule samarbeider med friviljuge lag og organisasjonar allereie. Ei erfaring som går att, er at når dei friviljuge skal ha hovudansvaret for undervisninga synes dei fort det blir meir arbeid enn dei rekk over på friviljug basis. Til sist blir det vanskeleg å finne nokon som har tid til å stille opp. Skal ein slik tappe dei friviljuge laga for kreftar og ressursar? Det som fungerer bra, er når kulturskulen og laga utfyllar kvarandre, til dømes når kulturskulen har stått for grunnopplæringa og sendar flinke elevar vidare til laga etterpå. Då er elevane sjølv motiverte til å vere med i dei friviljuge laga og foreiningane og kan sjølv vere ein ressurs.

Vågå kulturskule arbeidar med å innlemma den nye rammeplanen frå Norsk kulturskuleråd, «Mangfold og fordypning». Rammeplanen har som hovudmål å auke breddetilbodet og å auke kvaliteten i kulturskulane. Breddetilbodet blir til i samarbeid med mellom anna barnehagar og frivillige organisasjonar. Det står i rammeplanen at kulturskulene skal vere lokale ressurssentre og «ein samarbeidande aktør i grunnopplæringa og kulturlivet i den enkelte kommune.». Om Kulturskulen får ro til å arbeide dette fram, vil samarbeidet med lag og foreiningar auke, slik Formannskapet etterspør, utan at ein samstundes legg heile ansvaret over på dei friviljuge.

Vågå vil vel òg ha dansarar, musikarar og andre kunstnarar blant innbyggarane sine? Kva vil dagens kulturskulelærarar gjere viss den faste inntekta deira blir kutta? Klarar dei då å livnære seg her i dalføret? Forsvinn lærarane, forsvinn samstundes skatteinntekter, barn, statlege overføringar og lærarane sine bidrag til friviljuge lag og organisasjonar utanfor kulturskulen. For ofte spelar nettopp desse ressurssterke lærarane ei viktig rolle òg privat i dei friviljuge laga. Samstundes forsvinn bidraga deira til kulturlivet i nabobygdene, av di fleire av lærarane arbeider ved fleire kulturskuler for å få knadd saman til eit levebrød. Vi ser ikkje korleis dette vil styrke kulturlivet i Vågå, slik Bygdalista hevdar at forslaget deira vil gjere.

Bygdalista og Arbeidarpartiet sitt vedtak i Formannskapet inneber vidare at administrasjonen av Kulturskulen blir lagt over på det ordinære skuleverket. Vi har vanskeleg for å tru at ein person som er rektor for to skuler (om forslaget om felles rektor for 1-10 skule i Vågå går gjennom), samstundes skal ha tid og oversikt til å kunne administrere kulturskulen med 179 elevar og meir enn 45 undervisningstimar i veka.

Blir det då slutt på avsluttande konsertar i kulturhuset? Forstillingar der alle gruppene i kulturskulen samarbeider? Kulturskuleturen og alle dei andre timane som ligg bak det som løftar kulturskulen opp på eit høgare nivå og bidreg til større fellesskåp? Kven skal vere den dedikerte personen som organiserer alt dette? Det som i dag er løna som ei 65 prosent stilling. Vi tør ikkje tenke på kva som skjer viss denne søyla i kulturskulen blir tatt bort utan att ein har utreda konsekvensane – slik Ap og Bygdalista no har gjort i Formannskapet. Fell det unike byggverket som Kulturskulen i Vågå er saman, blir det tidkrevjande og særs kostbart å reise det opp att. DET kjem ikkje Vågå til å ha råd til.

Vi forstår at kommunen må kutte kostnader, men la heller kulturskulen sjølv sjå på korleis dei kan bidra til innsparing, om det er med auka foreldrebetalingar, noko smalare tilbod eller nærare samarbeid med nabokommunane.

Med eit breitt kulturskuletilbud blir det fleire barn som får ta del i kulturlivet. Fleire barn får ei meiningsfull oppvekst der dei finn noko dei trives med, av og til noko heilt anna enn det som tradisjonelt er forankra i bygda. Der dei opplev å passe inn. Dei får ei oppvekst der dei kan finne sin eiga veg til trivsel, meining og arenaer for å utfalde seg i Vågå – i dag, som ferdigutdanna og som foreldre til neste generasjon vagverar . Kulturskulen gjer òg arbeidslivet i kommunen meir mangfaldig og gir på dette viset fleire høve til å flytte heim att.

Folkevalde, la oss nytte det rike kulturskuletilbodet til å trekke fleire folk hit, i staden for å kutte så kraftig i tilbodet til dei unge at det blir ringare for dei å bu her. Det handlar om kva slags bygd Vågå vil vere – og kva framtidige vagværer opplever at bygda har av kvalitetar som kan trekke dei hit.

Som songtalentet frå Vågå, Martin Steinum Brun, sa i et intervju: ”Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan kultur.” Han er inga einsleg svale.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags