Julehelsing frå ein kommunepolitikar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevFørjulstid og budsjett høyrer saman, og årets sesong i Vågå blei innleia med melding om over 10 millionar i kutt. Det er ikkje småpengar for ein i norsk målestokk mellomstor kommune. Takka vere rådmannen og hans stab, fekk vi likevel til handsaming eit budsjett i balanse og etter litt ulike politiske framlegg og høyring, ble det vedtak i god tid til jul. Det er mange som skal ha æra for det.

Noko ulike prioriteringar og usemje om einskildsakar mellom partia må ein rekne med, men i det store bilete var vi stort sett samde om rådmannen sitt framlegg. Omstilling er vanskeleg, og årets debatt syner behov for at slike prosessar blir forankra før dei kjem til politisk vedtak. Eg sit likevel att med nokre generelle betraktningar som eg trur er relevant, også utafor

Vågå. Vi er lite vidsynte i budsjettarbeidet, bokstaveleg tala. Når situasjonen skal forklarast, tek vi utgangspunkt i Vågå, kvifor Vågå har fått kutt og kva vi må gjere for å stramme inn. Men dette handlar ikkje om Vågå. Det handlar ikkje om Norddalen ein gong. Heile velferdsstaten Noreg skal effektiviserast og stramme inn. Det er semje om det på Stortinget, men ikkje korleis det skal skje. Vi får ikkje eintydige signal om korleis vi skal spare inn, berre mindre å rute med. Same regjering krev auka kvalitet i eldreomsorg om mindre pengar brukt på det. Fleire lærarar, meir læring og mindre pengar brukt på skule. Korleis kan vi løyse det? Det første vi må gjere er å sjå at dette ikkje handlar om ei mellombels innstramming i eiga kommune, men ei omlegging av velferdsstaten. Og at vi som sit som kommunepolitikarar er gitt eit stort ansvar i utforming av sjølve omlegginga. Det held difor ikkje å finne innsparing og få budsjettet i balanse, vi må få ein debatt der vi bidreg og løfter fram sjølve grunnlaget for omstilling. Ikkje berre i Vågå, men i samarbeid med resten av kommune-Noreg. ”Vi må prioritere lovpålagte oppgåver” høyrer eg ofte. Men det er ei frase utan innhald. For det første er det ikkje økonomisk lurt, og det gir ikkje den beste kvaliteten i tenestene. Eit døme er grøn omsorg, dagtilbod til demente, som aukar deira livskvalitet og sikrar at dei kan bu heime lenger. Det er ikkje lovpålagt, men økonomisk smart for kommunen og betre for brukarane. For det andre, så er det korleis vi gjennomfører oppgåvene som er viktig. Til dømes skal bebuarane på sjukeheim ha mat, men om vi har eiga kjøkken, ferdigmat, individuelt tilpassa måltider og tid på døgnet for mat, det vel vi sjølve. Dei verkeleg store diskusjonane – og innsparingane – ligg i prioriteringar mellom bruk av pengar og kvalitet i dei ulike tenestene. Når det er sagt, så trur eg Vågå har gode føresetnader for å lukkast i den omstillinga vi står overfor. I Jan Tore Sanners statistikk kjem vi ut som midt på treet effektive. Det vil si at vi ikkje har tømt kassa før omstillinga starter, men har rom for å gjere naudsynt omlegging. Men det viktigaste er likevel alt som skjer utafor kommunehuset og kommunale tenester: At vi tross alle odds har befolkningsvekst, fleire nyetableringar i næringslivet, aukande turisme og stort engasjement hos innbyggjarane for å utvikle og bidrege til felles glede i Vågå. Det er her veksten og mangfaldet vil komme i åra framover, ikkje i kommunale tenester.

Eg seier ikkje at det er lett, men vi er ei middels god kommune i verdas beste land å bu i. Det er litt av eit utgangspunkt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags