Frå ord til handling!

Av
DEL

LesarbrevVågå SV har reist debatten om dei psykiske helsetenestene til elevane i Vågåskulen. Årsmeldinga rådmannen har gjeve kommunestyret, viser etter vår oppfatning at tilbodet har store og alvorlege manglar, sett i høve til krav i lov, forskrift og nasjonalfaglege retningsliner.

I ettertid har diskusjonen dreia bort frå dette temaet. To av Vågå Sp sine formannskapsmedlemmar bidreg i avisinnlegg 27. mai til å få saka inn i debatten att, og takk for det! Innlegget må bli forstått som ein god klapp på aksla til alle i Vågåskulen som yter sitt beste for elevane - for trivnad, læring og meistring. Den klappen er absolutt på sin plass og blir sikkert verdsett! Innlegget peikar og på behov for politisk leiarskap og samhandling, slik Vågå SV og har gjort.

Nå må vi gå frå ord til handling! Vågå kommune må snarast rette opp i manglane, og det hastar med konkrete tiltak!

I neste kommunestyremøte vil SV fremje forslag om at det psykiske helsetilbodet til elevane må styrkast allereie frå skulestart i haust. I tillegg ønskjer vi å reise debatten om korleis den politiske leiinga kan bli ein meir aktiv skuleeigar. Korleis vera skuleeigar i god dialog og samhandling med alle som er ein del av grunnskulen - elevar, foreldre, tilsette, skuleleiing og rådmann? På den måten kan ein støtte opp om ei vidare positiv utvikling av Vågåskulen, og samtidig redusere moglegheitene for at viktige område blir forsømte. Truleg vil ein også bidra til å auke forståinga hjå alle for at det ikkje er midlar til alt, og at meir midlar nødvendigvis ikkje er løysinga på alt.

Sjølvsagt må kommunen prioritere. Dei fleste forstår også at endringar i elevtal må få konsekvensar for bemanning. Vågå SV meiner likevel at manglane i det psykiske helsetilbodet til elevane er svært alvorleg. Så alvorleg at kommunestyret må agere og vise handlekraft nå.

Eitt skuleår er lang tid i livet til eit barn.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags