Æres den som æres bør

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerVågå Senterparti ved Mette Vårdal hevdar på Facebook at dei har berga Kulturskulen og felles

rektorstilling. Dette er feil. I møtet la Vågå Senterparti fram forslag til budsjett og økonomiplan med

ei omfordeling frå næringsfond til landbruksfond og arrangement. Samt ein reduksjon i stillerapport

og fellestenester.

Ein viktig del av det å vere med i lokalpolitikken, er å høyre på innbyggjarane våre. Difor blir viktige

forslag lagt ut på høyring. Dette for at vi skal få attendemelding og ha moglegheit til å ta omsyn til

innspela før det endelege vedtaket. Vågå Arbeiderparti har høyrt på folkeviljen i budsjettprosessen.

Til alle døkk som har vore engasjert gjennom å ta kontakt med oss enten ved direkte kontakt, sosiale

medier eller lesarinnlegg, døkk har vore med å påverka budsjettet for Vågå kommune dei neste 4

åra!

• Kulturskulen. Vårt forslag om at også Kulturskulen skulle ta sin del av nedskjeringa var alle

politiske parti einige om. SP stemte og for å redusere pengane til Kulturskulen. Når det gjeld

korleis denne nedskjeringa skal skje, meiner vi at det rette er at dei som er levenda

opptekne av Kulturskulen skal ha det avgjerande ordet. Alt engasjementet omkring

Kulturskulen syner at dette er noko mange er opptekne av og dette vil heilt sikkert bli ein

god og kreativ prosess.

• Felles rektorstilling. Vi skal vere heilt ærlege på at dette forslaget ikkje var godt nok

gjennomtenkt frå vår side. Difor trekte vi ut dette i den endelege handsaminga i

Kommunestyret. Grunngjevinga var mange gode og konstruktive innspel frå tillitsvalde og

innbyggjarar i høyringsperioda. Vågå AP fremma forslag i møtet om å behalde

rektorstillingane ved Vågåmo barneskule og Ungdomsskulen. Vår forslag vart samrøystes

vedteke.

• Fiber rundt Lemonsjøen, Randverk og Sjodalen. Dette kom opp som eit innspel til Vågå

Arbeiderparti under høyringa. På same tidspunkt vart vi kjent med at Telenor kjem til å

leggje ned telefonleidningen frå februar 2018 dette området. Ingen av dei politiske parti

hadde dette med som eit forslag, men vi meinte at dette var så viktig at vi fremma det som

forslag. Engasjementet frå busette i Randsverk syner også at dette er ei viktig sak å satse på.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags