Ver raus med Bredebygden

Av
DEL

LeserbrevTakk til sterke, flotte og modige brukare, pårørande og tilsette for godt gjennomført markering på trappa til Sel Rådhus tysdag 16.10. Det gjer noko med oss både og sjå og høyre dykk. Få eit ansikt på sjukdomen som for ikkje lenge sidan var noko vi ikkje tala om. Det var ei skam. No er dette ein sjukdom i vekst, det råkar yngre menneske og det kan hende oss alle. 

Viktige føregangspersonar har stått fram med sjukdomen sin, slike som Kjell Magne Bondevik og Lene Marlin. No har vi Gøril og Gry Merete som våre fremste føregangspersonar. Og det er vi særs glade for. Dei har stilt seg "nakne" og fortel frå sitt inste og mest private. Dykk har all grunn til å vera stolte!

Vi i Gudbrandsdalen er ikkje kjende for å vera så opne og tale om det vanskelege. Vi er vel litt trauste og ynskjer å klare oss sjølve. I tillegg så blir det vanskelegare og vanskelegare å klare livet, å meistre like godt som alt vi ser rundt oss. Tilsynelatande er alle så vellukka, og viser det gjerne fram på sosiale medier. Når livet blir leitt, så fins det menneskje som kan gje oss håp, hjelpe oss gjennom det og gje oss verkemiddel for å meistre det vidare. Desse fins på Bredebygden med si spesialkompetanse og erfaring. Og vi ynskjer at dei skal vera der i helga, romjula og til alle tider.

Flinke folk i psykiatrien fins og ute i kvar kommune, det skal vi ikkje gløyme. Men kommunane er ikkje rusta til å ta imot same antal og gje same gode, trygge behandling som Bredebygden har gjort gjennom mange år. I Sel som mange andre kommunar rundt oss, arbeider vi med å ruste opp tenestar retta mot psykisk helse. Kommuneøkonomien strekker ikkje til alt. Men vi har blant anna fått midlar for å tilsetje kommunepsykolog, resultatet er at det ikkje har vore enkelt å rekruttere den type spisskompetanse. Opprusting av tenestene i kommunane krev tid og midlar. 

Lokalmedisinsk senter (LMS) på Otta er ikkje klare og dei manglar både plass og kompetanse for å ta imot denne gruppa. Det er ynskjeleg å vidareutvikle LMS på Otta, men det er ein prosess som krev tid og investering, og dette styreforslaget vart å starte i heilt feil ende. Prosessar og tid er viktig for og kunne få til gode løysningar. Det viktigaste i slike prosessar er å ivareta pasientar og pårørande – dei skal vi høyre på! Vi aksepterer ikkje at døgntilbod skal leggjast ned, vi treng både tilbod på dag og døgntilbod.

Nå set vi vår lit til styret i Sjukehuset Innlandet, at dei nå kan roe ned situasjonen, tryggje behandlingstilbod til sårbare pasientar og eit særs kompetent fagmiljø. Ikkje gløym slagordet: Sentralisere det ein må og desentralisere det ein kan!

Vi har ingen å miste - vi er alle like viktige! Om vi bur "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", som Elisabeth Lien så godt sa det, så treng vi gode helsetenester her vi bur. 

Bredebygden er midt i smørauga for det! 

 La Bredebygden bestå!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags