Eit framlegg til vegrydding

Av
DEL

DebattVeg er viktig for busetnad, næringsliv og beredskap. I Vågå slit vi med etterslep på vegvedlikehald, og manglande tilskot og støtte til alle dei som eig privat veg. I fleire år har kommunepolitikarane sett at driftsutgiftene til kommunen er høgare enn det vi kan rekne med i inntekter i åra som kjem. Vår oppgåve er å gjere noko med det. Difor vart det i budsjettmøtet før jul mellom anna vedteke å utgreie andre måtar å drifte vegane i kommunen.

Vågå Sp sitt utgangspunkt er:

1. Det er ikkje fatta noko vedtak om privatisering av veger, men at vi skal sjå på alternativ driftsmodell.

2. Vi har ikkje noko prinsipielt ønskje om å privatisere veg.

3. Uløyste vegsaker og manglande vedlikehald og dårlegare kommuneøkonomi gjer det nødvendig å sjå på ulike løysingar for å sikre betre drift av alle vegane i kommunen.

4. Fordi dette vil være eit arbeid som må følges opp på over mange år, er det viktig med tverrpolitisk semje.

5. Vi ønskjer dialog med dei andre partia for å finne ei langsiktig løysing som alle kan vere einige om, og som gir betre vegvedlikehald på sikt.

Det viktige for SP no er at vi kjem vidare. Vi har ikkje bunde oss til eit vedtak eller ein modell, men vil sjå på ulike løysingar. Det vi er heilt sikre på er at den dårlegaste løysinga for alle er å lukke augna og la det stå til. Vi har framleis tid til å finne gode løysingar, og håper vi har dei andre partia med oss på det.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags