Eit framlegg til vegrydding - Svar til Vågå Senterparti

Av
DEL

LeserbrevI eit innlegg i avisa Norddalen gjer Vågå Senterparti eit poeng av kor viktig veg er for busetnad, næringsliv og beredskap.

Vågå Arbeiderparti deler Vågå Senterparti sitt syn i i viktigheita av å ha framkommeleg veg for alle som arbeider og bur i Vågå Kommune.

Vågå Senterparti gløymer ein vesentleg sak i sitt avisinnlegg.

Vågå Senterparti saman med Bygdalista og SV batt seg til eit vedtak under budsjetthandsaminga før jul

Det skulle i budsjett- og økonomiplanperioda sparast 3 mill. kroner på akkurat det som gjeld privatisering av veg. Å leggje slike forutsetningar i ei budsjett og økonomiplan er det same som å signalisere ei retning for kvar innsatsen skal leggjast, i dette tilfellet for å spare pengar.

Eit kommunestyrevedtak på eit budsjett gjev og administrasjonen ei klår føring på prioriterte arbeidsoppgåver som må følgjast.

Vågå Arbeiderparti

Kommunestyregruppa


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags