- Alle steinar blir snudd

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevSom de fleste sikkert har fått med seg står Vågå kommune framfor store økonomiske utfordringer. Da rådmannen starta budsjettprosessen mangla det 17 millioner for å komme i balanse. Samstundes må vi få handlingsrom for å ruste oss for tunge investeringer innen eldreomsorg og rehabilitering.

Bygdalista vil snu kvar ein stein.

Bygdalista vil snu kvar ein stein. Foto:

Slik utviklinga er nå vil dei primære oppgåvene kommunane har, fyrst og fremst i form av gode skule- og omsorgstenester, ta ein større del av budsjettmidlane. Skal vi framleis kunne bidra til kulturliv og næringsutvikling må vi tenkje smartare og få meir ut av dei kronene kommunen bruker framover.

Alle steinar blir snudd. Kulturskulen vert og vurdert med tanke på å få mest mogleg ut av ressursane. Det er i Vågå svært stor bredde og aktivitet i musikk- og kulturlivet. Vågå kan med rette kalla seg ei kulturbygd. Her har lag- og foreiningar blomstra lenge før Kulturskulen vart etablert i 1992. Mange arbeider godt, men nokre slit likevel med rekruttering. Ved å bruka mindre administrative ressursar og rette midlane meir mot det friviljuge musikk- og kulturarbeidet i Vågå, bør ein få meir ut av kvar krone.

Vår ambisjon er å behalde aktivitetsnivået i kulturskulen og hos dei musikk- og kulturbærarane vi har i bygda. Kulturskulen har eit samla ressursforbruk tilsvarande vel 15.000 kroner pr. elev i året. Dette meiner vi er mykje i dagens situasjon, og har skissert ei mogleg omorganisering som Rådmannen skal sjå nærare på. For Rådmannen vil det vera viktig å sikra at tilbodet vil vera fagleg godt forankra.

Nå er budsjettet ute på høyring. Det er ynskjeleg med innspel i forhold til prioriteringane vi som folkevalde er nøyde til å ta.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags