Ta med "gull-egget" til Rudshøgda

Av
DEL

MeningerKvar er lojaliteten i landbruket, som samvirket ein gong var tufta på? Eg meiner at bondelagsfolket og ein del av dei tillitsvalgte i slakterisamvirket snart må innsjå og forstå kva dei driv med ! Det er nesten så ein ikkje trur det ein ser fra enkelte. Å kritisere dei som virkeleg har engasjert seg for å redde truverdigheita, fellesskapet, den lokale verdiskapninga, fagkunnskapen, lojaliteten til forbrukerne og ikke minst arbeidsplassane, høyrer ingen stad heime.

Det negative fokuset sørger Nortura sine for folk sjølve til de grader. Det verste er at dette gjeld ikkje berre nokre få (nevner ikkje navn), men dei som står fram og forsvarar ledelsen som tek grep for å legge til rette for effektiv drift, for best mogleg resultat, og derved oppnå høgast mogleg pris til produsentane, dei viser for all verden at først og fremst tenkjer dei på seg sjølve og gjev blanke blaffen i alle andre faktorer som dyrevelferd og transport bl.a.

Det blir nesten litt komisk når det blir ropt høgt om snarleg forståelse fra daglegvarehandel og forbrukere om at Nortura og Gilde-produktene må prioriterast. Vil slettes ikkje ta matkjedenes metoder i forsvar, men dei driv vel etter lønnsomheitsprinsippet og higen etter høgast mogleg fortjeneste der og, slik landbruket gjer det. Eg har tidligare uttrykt støtte til dei som satte i gang jobben for fortsatt slakting på Otta, og har hatt trua på at dette kunne la seg gjera, dersom alle dreg saman i samme retning. Dessverre ser ein at nokon trekkjer seg og vil ikkje/kan ikkje bli med vidare.

Eit samla og samordna produsentmiljø i Gudbrandsdalen er så stort og mektig at «blårussen» og toppledelsen måtte i det minste overlate anlegget på Selsverket til gardbrukarane i dalen til ein overkommeleg pris. Da kunne all den gode kunnskapsrike arbeidskrafta vore redda, og frigjort kapital vorte tilgjengeleg for nødvendig omstilling på andre anlegg. Trur nemleg ikkje at alle ansatte har tid eller vilje til å vente på nytt slakteri eller å starte å pendle/flytte til Rudshøgda.

Når det gjeld ny drift på Selsverket, og for å si det rett ut: Ta med «gullegget» (les hundematen) til Rudshøgda. Der vil det bli godt om ledige lokaler når slaktinga der legges ned ! Ta til vettet og innrett framtidig landbrukspolitikk etter retningslinjene fra tidligare, og som det meste av dagens fagmiljøer forfekter. Mjølk og kjøtt i beiteområdene. Korn, poteter og grønnsaker der den beste matjorda ligger. Da treng ein ikkje slakteri på Rudshøgda.

Kan ikkje la være å ta med ei erindring fra «Samlaplan-prosessen» i Tine fra 90-talet. Taktikken fra den gang er fortsatt i bruk. Hugsar godt da styreformannen kom heimatt med eit «gullegg» i veska. Med streng anmodning om hemmeleghold, til resten av styret, kunne han meddele at store ting var på gang til erstatning for brunosten. Det skulle tappas vatn på Heidal ysteri i framtida. Kampen for ystinga stilna heilt, og vatnet går fortsatt der det har gått i tusener av år.

Ein registrerer at «gullegget» på Selsverket også skal haldast hemmeleg. Ta det med til Rudshøgda, og la slakteriet på Otta få fortsette med det dei kan bedre enn alle andre !


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags