Stadutvikling i Bjølstadmo

Av
DEL

LeserbrevSel kommune gjennomførte i perioda 2005 – 2009 eit større stadutviklingsprosjekt i Bjølstadmo. Mykje bra arbeid vart lagt ned i samarbeid med private grunneigarar og næringsaktørane i området på båe sider av fylkesvegen. Prosjektet ga tettstaden eit lyft til glede for både oss fastbuande og besøkande.

Men alle ideane vart ikkje realisert. No er det planar om investeringar frå fleire næringsdrivande. Kanskje det no bør takast eit neste steg i stadutviklinga med støtte frå Sel kommune ? Det er særleg to grep vi meiner kan vere aktuelle.

I samband med tiltaka som vart gjennomført for meir enn 10 år siden såg ein på området i grenselandet mellom Bygger`n og Kiwi. Her står i dag det gamle pakkhuset som blir nytta som lager for Bygger´n/Heidal Innkjøpslag. Bygget har sett sine beste dagar. Ei riving av det gamle lagerbygget ville opne opp for både kulturlandskapet bak bygget og samstundes gje betre plass til parkering. Dette vil difor gje gevinstar for næringslivet og for inntrykket av og trivselen i sentrum.

Vi er kjent med at Heidal Innkjøpslag i lengre tid har drøfta bygging av nytt lager lengre inn på området. Ein kombinasjon av eit næringsutviklingsprosjekt og et stadutviklingsperspektiv med offentlege pengar kan få framdrift i arbeidet.

Reiselivet og opplevingstilbud er i rask vekst. Heidal har eit stort potensiale som kan gje nye arbeidsplassar og verksemder. Men kvalitetane våre må betre nyttast og meir fram i lyset. Langs fylkesvegen gjennom Bjølstadmo er det i dag lange strekk der skogen hindrar sikt ut i kulturlandskapet og gardrekka oppe i lia. Noko av skogen er hogstmogen, mykje er truleg meir egna for flisfyring. I eit samarbeid mellom grunneigarane og offentlege verkemedel kunne vi fått opna meir opp, vist fram endå betre kor fint vi har det og fått fleire til å ta ein stopp hos oss– for å ta ein matbit, gjere ein handel, prøve seg i rafteflåta på Sjoa eller ta ei overnatting eller to i området.

Arbeiderpartiet ønskjer å følgje opp desse tankane i dialog med næringslivet og bygdefolket.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags