Kva med truverdet, Nortura?

Av
DEL

LesarbrevDei siste vekene har vi med stadig større undring sett korleis både administrasjon og den valde leiinga i Nortura har sett slakteriet på Otta med 80 viktige arbeidsplassar i spel og kome med ein, etter rapportane å døme, svært negativ rapport om slakteriet. Eigarane deira i dalen, men også frå lenger unna vårt lokale slakteri, set store spørjeteikn ved prosessen både når det gjeld løysingar og habilitet til gruppa som har arbeidd fram denne rapporten.

Den nedslåande konklusjonen i rapporten legg seg til i ei rekkje av uheldige sentraliseringstiltak både frå det private og det offentlege dei siste åra, der arbeidsplassar og verksemder blir flytt mot det sentrale Austlandet og distrikta blir sitjande igjen utan særleg vinst av reformene. I Nortura sitt tilfelle, som samvirkeorganisasjon, har truverd og samfunnsansvar vore av stor betydning for posisjonen det har hatt både i distrikta og i sentrale delar av landet. Denne truverda risikerer ein no å setje alvorleg på spel, med stadige tiltak som ikkje verkar å vere forankra korkje mellom medlemmar eller folket elles.
Kanskje er tiltaka dei no skisserer heilt nødvendige, noko fullstendig innsyn i sakene har ikkje eg. Noko som derimot ikkje er nødvendig er å kludre det såpass til for seg sjølv som Nortura her har gjort, der dei verkar å ha konklusjonane klare allereie før arbeidet i arbeidsgruppa er igangsett. Når ein attpåtil greier å setje saman ei gruppe som i mange sine auge er klart inhabil og har bindingar til andre anlegg, kan ein ikkje vente anna enn sterkt kritiske reaksjonar.

Samvirkemodellen har heile tida sidan ein byrja med slik tankegang vore veldig viktig for landbruket og busetjinga i distrikta. Samvirket har henteplikt på landbruksprodukt sjølv i våre langstrakte utkantar og alternativa har vore få. Ein har også hatt ei kjensle av at samvirket har vore på lag med utkantane og tilført arbeidsplassar både direkte og indirekte. Dette har samvirket fått attende for gjennom god oppslutnad og stort engasjement.

Vi som har vald å engasjere oss for å halde liv i desse utkantane hadde difor ikkje rekna med eit slikt stikk i sida frå ein organisasjon og modell vi verkeleg har hatt trua på. Når 80 viktige kompetansearbeidsplassar som dette er ser ut til å forsvinne, forsvinn vel også noko av lojaliteten til Nortura både blant unge og vaksne.
Vi oppmodar Nortura til å tenkje seg ekstra om og syne vilje til å gjennomføre ein langt ryddigare prosess enn det vi har sett til no, samt at vi framleis har ein alliert i dykk i framtida, som heller ikkje blir enkel for utkantar som her. Gjer som Tine gjorde for nokre år sidan i Lom og Skjåk og hald oppe drifta, så held dykk kanskje oppe truverdet i tenkjeleg framtid.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags