Kor lenge varer freden om skulestrukturen i vidaregåande opplæring?

Av
DEL

LesarbrevNedgangen i frie inntekter gjer at Innlandet fylkeskommune har 148 millionar kroner mindre å rutte med i 2020, enn det Hedmark og Oppland har hatt i inneverande år. Påtroppande fylkesrådmann har hatt ein «heftig» jobb med forslag til årsbudsjett og økonomiplan. Så heftig at han varslar at det kan bli ei ny runde med revidert budsjett allereie til våren.

Ein vesentleg årsak til at dei økonomiske rammene blir mindre, er at talet på elevar i vidaregåande opplæring går ned. Det blir meir enn eitt tusen færre elevar i 2028. I sak til fylkestinget i Oppland i juni 2018 var avtroppande fylkesrådmann oppteken av at kvaliteten i opplæringa også i framtida skal vera god nok. Konklusjonen hans var at da må det, nettopp på grunn av nedgangen i elevtal, bli færre skulestader.

Budsjettet til Innlandet fylkeskommune er på i overkant av 5,5 mrd. kroner. Nesten halvparten går til vidaregåande opplæring. Det blir sagt at budsjettet ber preg av omstillingsprosessen som går føre seg. Spørsmålet er heller om fylkeskommunen står i ei svært krevjande omstilling utan å ha eit realistisk budsjett.

I denne situasjonen har Arbeidarpartiet og Senterpartiet bestemt at det ikkje skal leggast ned vidaregåande skular i perioden, og at alle skulestader skal bestå. Av omsyn til både økonomi og breidde i utdanningstilbod for elevane, er ikkje dette lett å skjønne. Likevel kan det gje kommunane og regionane tid til å samle seg om strategiar til den kampen som berre må koma før eller seinare. Den tida må nyttast effektivt.

I Nord-Gudbrandsdal har vi ein vidaregåande skule med tre skulestader. Slik vil det nok ikkje forbli, men vi må for all del unngå at det blir alle sin kamp mot alle. Det kan alle tape på. Derfor må regionrådet nå setja saka på dagsorden og prøve å meisle ut ein felles strategi i møte med den nye fylkeskommunen. Saka er for viktig til å dreie seg berre om lokalisering. Dette handlar om at elevane må få tilgang til eit breiast mogleg utval av gode yrkesfaglege tilbod, og at det blir god djupne i det studiespesialiserande tilbodet. I tillegg handlar det ikkje minst om å halde på verdifulle kompetansearbeidsplassar.

Dei økonomiske utfordringane i Innlandet fylkeskommune kan tvinge posisjonen til å avbryte «våpenkvila» før fire år er gått. Derfor hastar det for regionrådet å samle kreftene om eit felles forslag til korleis det vidaregåande opplæringstilbodet og skulestrukturen i norddalen skal sjå ut i framtida. Det verst tenkjelege er at norddalen om nokre år kan stå utan ein einaste vidaregåande skulestad.

Spørsmålet blir derfor: Vil regionrådet i norddalen nå engasjere seg for å setja den vidaregåande skulestrukturen på dagsorden, med målsetting om å samle seg om ein felles strategi og eit krafttak for å ta vare på både eit breitt studietilbod for elevane, samt viktige kompetansearbeidsplassar?

Kampar blir som regel vunne ved å satse framover på banen, meir enn ved å prøve å unngå baklengs. I møte med den nye fylkeskommunen om desse spørsmåla har regionen alt å tene på å prøve å einast om ein felles strategi og vera offensiv.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags