Konspirasjonsteoriar i Vågå?

Av
DEL

LeserbrevGeir Inge Stadeløkken, varaordførarkandidat for Vågå Ap, går i sitt facebook-innlegg 1. september langt i å rette grove skuldingar mot andre politiske parti. Han viser til saka som kontrollutvalet nå har til behandling, om prosessen rundt tilsetjing av regional prosjektleiar. Så gjer han dette til eit gjørmebad som eitt eller fleire politiske parti eller enkelte politikarar skal stå bak. Målsettinga skal vera å sverte Ap, og der varslaren til kontrollutvalet berre skal vera ein bodbringar. Stadeløkken meiner her at mange brikker har falle på plass, men han spør likevel om kven som tener på slike oppslag, og kven som står bak.

Den kommunikasjonen som har gått føre seg på ordføraren sin facebook-tråd dei siste dagane har vore vond for mange. Stadeløkken tek diskusjonen til eit nytt nivå, når han nå skuldar andre for å bruke ein bodbringar, slik at dei sjølve kan oppnå politisk makt.

Dette er ikkje realt gjort av varaordførarkandidaten. Dei brikkene han har i sitt komplette puslespel må han vise, slik at vi som representerer andre parti kan sjå dei og stadfeste, avkrefte eller korrigere. Slik han nå går fram, stemplar han andre parti enn Ap med å drive «svertekampanjar, mistenkeleggjering og negative oppslag».

Stadeløkken rettar i sitt innlegg skuldingar som vi ikkje kan møte i ope landskap, for han held brikkene sine skjulte. Påstandar må vera underbygde og kunne møtast med fakta, argument må møtast med argument. Folkevalde og listekandidatar må vera gode førebilde, og vise at reale og saklege diskusjonar er mogleg i kommunen vår.

Så seint som i juni i år vedtok Vågå kommunestyre eit valgløfte. Her står det tydeleg kva for verdiar valgkampen skal vera tufta på, og at alle skal vise respekt for demokratiet og saklege debattar. Vågå SV meiner at kommunestyret etter valget bør ta ein grundig diskusjon om korleis retningslinene har vore etterlevde, og bruke forbetringspunkt som case i politikaropplæringa til nye folkevalde.

Vi har elles full tillit til at kontrollutvalet vil handtere den nemnte varslarsaka på ein ryddig og profesjonell måte.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags