Kan skule-patrulje vere ei løysing?

Av
DEL

LesarbrevTrafikktryggleik ved skule og barnehage i Vågåmo har vore ein bekymring over tid, frå foreldre, skule, administrasjon og oss politikare. Rundkøyringa som skulle være til å sleppe av barn er for lita i dei hektiske minutta før skulestart, og vi treng ei større og betre løysing. I påvente av eventuelle byggeprosjekt i området, både symjehall og nytt Coop-bygg er påtenkt, så må vi finne ei løysing som sikrar ungane no. Kan skule-patrulje som står trafikk- vakt vere ei løysing?

Sjølv hugsar eg korleis eg gleda meg til å byrje i 5. klasse, for da skulle eg vere med i skule- patruljen! Vi fekk nokre veker tildelt, ei lite opplæring og så kom vi på skulen ei halvtime før og stilte oss opp med refleksvest og flagg og dirigerte trafikken over gangfeltet. Det krev litt planlegging, organisering og oppfølging, men det er fullt mogleg å få til.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags