Avbøtande tiltak – ei gladsak for Vågå

 (Illustrasjonsfoto)

(Illustrasjonsfoto) Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevI samband med utbygginga av Nedre Otta vart det gjeve 5 millionar som skal nyttast til avbøtande tiltak. Pengane skal nyttast til Lalmsamfunnet og Lalm arbeiderlag tok tidleg initiativ til å samle lag og organisasjonar på Lalm for å få fram gode prosjekt.

Vågå Arbeiderparti er glad for det engasjementet dette har skapt på Lalm og vi meiner det no er avgjerande å kome i gang med dei prosjekta som er klare. Vi tok difor initiativ til å få behandla desse allereie på kommunestyremøte i april.

Sjølv etter tildelinga i april vil det vere att mykje pengar som ikkje er fordelt. Vi meiner at det er lalmingane sjølve som er dei næraste til å prioritere nye prosjekt og vi har difor foreslått å opprette eit «Lalmsfond». Her sit representantar for lag og organisasjonar på Lalm som sjølve kan finne og prioritere nye tiltak som kjem Lalmsamfunnet til gode. Dei andre partia ynskte at arbeidsgruppa skal vurdere dette fyrst, men vi vonar at dei vil støtte oss når saka kjem opp att i april. At Lalmingane sjølve har hendene på rattet når det gjelder utviklinga på Lalm, meiner vi er avgjerande for å oppretthalde engasjementet og finne fram gode prosjekt!



 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags