Fortsatt nei til privatisering av kommunale vegar

Kveomsvegen - ein av vegane som stod i fare for å bli privatisert

Kveomsvegen - ein av vegane som stod i fare for å bli privatisert Foto:

Av
DEL

LesarbrevI eit nytt lesarbrev blir Vågå Arbeiderparti skulda for feilinformasjon og å føre veljarane bak ljoset. Dette stemmer sjølvsagt ikkje og eg vil tru at dei fleste innbyggjarane har fått med seg fakta i saken. Om ikkje tek eg det her:
Det er korrekt at det var ei utgreiing på gang for å kartleggje dei private og kommunale vegane i Vågå. Dette kom som ein konsekvens av at Vågå Arbeiderparti foreslo å ta inn Øverbygdsvegen som kommunal veg på kommunestyremøte 13/6-17. (Sak 47/17).

Budsjett og økonomiplan for 2019-2022 vart lagt ut på høyring utan at privatisering av vegar vart lagt inn på formannskapsmøte 13/11-18. (Sak 63/18).

Så kom kommunestyremøtet 11. desember i fjor, der det kom eit fellesforslag frå Senterpartiet, Bygdalista og SV som lydde slik: «Alle vegar Vågå kommunehar ansvar for vedlikehaldet for i dag skal vurderast privatisert. Sentrum av Vågåmo, Lalm og Tessand kan forbli kommunens ansvar….. Forventa innsparing 3 millionar i 2020 og utover. 1. mill i 2019». Med andre ord, det var lagt opp til ei privatisering av vegar i 2019 for å klare ei innsparing på 1. mill. Dette stemte Vågå Arbeiderparti i mot. (Kommunestyresak 70/18).

Utover vinteren auka misnøya hjå innbyggjarane våre og fleire arrangerte spontane underskriftskampanjar. Likevel fastheld Senterpartiet på privatiseringstanken. (Lesarbrev i Fjuken 10/1-19, 17/1-19 og 24/1 frå Vågå Senterparti ved Andres Bjørnsen).

På kommunestyremøte 3/6-19 kom rådmannen med klår tilråding om å ikkje privatisere kommunale vegar. (Kommunestyresak 22/19). Vedtaket her vart att forventa innsparing i sak 70/18 blir ikkje realisert. Samstundes vart det sagt frå talerstolen i kommunestyret: «i denne omgangen».

Vågå Arbeiderparti har nei til privatisering av kommunale vegar i programmet sitt. Vi meiner at dette er ein viktig sak for å oppretthalde attraktive grender og sentrum. Du som innbyggjar har sett kor vi står i dette spørsmålet og skal vere trygge på kor du har oss også i framtida.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags