Redusere tenester til barn og unge i Vågå?

Av
DEL

LesarbrevOmsorgstenestene hentar 40% av netto driftsutgifter frå Vågå kommune (KOSTRA 2018). Lom ligg på same nivå, medan dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdal ligg merkbart lågare.

I økonomiplanen som vart vedteken denne veka, heiter det at det er nødvendig med ei dreiing og omprioritering av ressursar frå barn og unge mot helse- og omsorgstenester for vaksne. Dette for å klare å ivareta kommunen sine oppgåver og ansvar som følgje av samhandlingsreforma.

Vågå SV er ikkje einig i dette, og sette tvert imot fram forslag om å styrke helsetilbodet til barn og unge. Kr 567 000 er "mjukt øyremerkte" i det statlege rammetilskotet til styrking av helsestasjon- og skulehelsetenesta. Vågå SV vil disponere desse midla til nettopp dette, slik det er øyremerkt. Forslaget fekk berre våre stemmer. Vidare ville vi styrke økonomien til familiar som treng sosialhjelp, ved å la dei behalde barnetrygda i tillegg. I 2018 var det 72 barn i Vågå som budde i familiar som fekk tildelt sosialhjelp - ein markant auke frå året før. Dette tiltaket hadde kommunedirektøren stipulert til kr 200 000 pr. år. Også her vart vi ståande åleine. Vi gjekk og imot forslaget frå Ap og Bygdalista om å redusere ramma til kulturskulen med kr 150 000.

Alle desse tenestene er lovpålagte og dermed lovregulerte, slik som omsorgstenestene for vaksne og eldre også er. Vi meiner at vi nå må stoppe opp og tenkje oss om. Ja, det blir fleire eldre. Store barnekull frå åra etter andre verdskrig blir snart åtti år og slår tydeleg inn i statistikken. Ja, levealderen aukar også, men blir det av den grunn fleire som vil ha behov for slike omsorgstenester, og tenester på eit slikt nivå som vi yter i dag?

Kåre Hagen, som leia arbeidet med stortingsmeldinga «Morgendagens omsorg», skreiv følgjande: «Omsorgskrisen skapes ikke av eldrebølgen, men av forestillingen om at omsorg ikke kan gjøres annerledes enn i dag.»

Derfor meiner vi at nye behov og nye oppgåver i omsorgstenestene, i den grad staten ikkje bidreg, må finansierast ved å frigjera ressursar frå nettopp omsorgstenestene. Stikkord for å lykkast med dette er tidleg innsats - også i eldreomsorga. I tillegg må vi sørgje for å ha rette tenester til rett pasient, til rett tid, samt gode rehabiliteringstenester. Gjennomgåande trengst det og nytenking og ny teknologi.

Vågå har gode omsorgstenester, noko som i vesentleg grad skuldast kompetente medarbeidarar og gode og stabile fagmiljø. Slik ynskjer vi å ha det også i framtida. Men vi kan ikkje akseptere at nye utfordringar i omsorgstenestene til vaksne og eldre skal løysast ved å redusere ressursinnsatsen til barn og unge - rett og slett fordi delar av tenestene der allereie er underdimensjonerte.

Vi må styrke dei psykiske helsetenestene, vi må førebyggje fråfall i både grunnskule og vidaregåande, og vi må betre økonomien til dei mest vanskelegstilte familiane. Vi må halde oppe satsinga på gode barnehagar, ein god grunnskule og ein god kulturskule, og vi må halde oppe støtte til lag- og organisasjonar, gode arrangement og gode aktivitetar. Gledeleg var det at vi i budsjettsaka fekk fleirtal for forslaget vårt om å få utgreidd AktivitetsHUSET si framtid.

Vågå SV meiner at det er dette helse- og omsorgsprosjektet vårt må handle om. Helsefremmande og førebyggande arbeid fører til mestring, god livskvalitet og reduserte kostnader i omsorgstenestene over tid. Derfor har vi ikkje råd til å redusere tenestene til barn og unge.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags