Naturvernforbundet forstår godt at vi i 2022 har gjort oss avhengige av datalagring. Dette er til stor nytte mange stader i samfunnet.

Samstundes er det klart at vi på mange felt er betre tent med lokal lagring i staden for det som kallast skylagring, blant anna sidan lokal lagring betyr betydeleg mindre energibruk og gjer at vi kan oppretthalde fleire aktivitetar om Internett fell ut.

Til dømes bør vi lagre familiebileta våre på ein eller fleire private, eksterne harddisk(ar) som vi oppbevarer på ein trygg plass i staden for å sende dei utanlands med skylagring. Da veit vi kor vi har dei og brukar mykje mindre straum.

Vi er glade for at det har vore ope møte om saka både i Skjåk og i Vågå. Debatten om datasentre i Øyberget og Lalm dreier seg om fire hovudpunkt slik vi ser det.

1) Det går an å nekte datasenteret å drive med utvinning av kryptovaluta, sidan dette er meiningslaus sløsing med energi samanlikna med rein datalagring. Lønnsam utvinning av kryptovaluta finn stad med spesiallaga maskiner, og dataekspertar ser fort forskjell på kryptosenter og rein datalagring. Argumentet om at det er umogleg å vera sikker på om eit datasenter driv med krypto held ikkje vatn, sidan dette blir veldig ineffektivt med maskiner som er lagd for annan, generell databehandling. Vi har snakka med ein stor mengde folk i denne saka utan å møte innbyggarar som er positive til kryptovaluta. Kvifor kan ikkje Skjåk kommune da si eit klart nei til krypto i planforslaget? Er det fordi dei allereie har knytt seg opp til eit spesielt avtaleutkast?

2) Plasseringa ved Øyberget er heilt feil. Der er det umogleg å gjere seg nytte av all spillvarmen. Slike datasenter bør plasserast i store byar der opptil 90% av energien kan nyttast til samfunnsnyttige formål som oppvarming av hus. Planane om algeproduksjon er heilt på eksperimentstadiet og har så lite dokumentasjon og erfaring, at vi aner ikkje energispareeffekten og konsekvensane av ein slik satsing. Dette kan kanskje bli ein suksess og bli ein del av det grøne skiftet, men det er nok langt fram i tid. I ein energikrise kan vi ikkje tillate energisløsande datasenter utan at det er konkrete krav om gjenbruk av nesten all spillvarme frå dag ein.

3) Det er villeiande at det i planforslaget og i diskusjonane både snakkast om datasenter og datalagringssenter. Omgrepet datasenter/datasentral inkluderer straumslukande kryptovaluta, der er straumbehovet stort og behovet for Internettkapasitet lite. Eit reint «datalagringssenter» bruker vesentleg mindre straum, er meire samfunnsnyttig men krev fleire høgkapasitets datalinjer og løysingar for reservestraum i tilfelle straumbrot (=redundans). I dette tilfelle er det klart at det er snakk om ein vesentleg andel kryptovaluta både i Øyberget og på Lalm. Da kan ikkje dette kallast for eit reint datalagringssenter lengre. I kryptomaskinane vil det meste av energi gå med til dataprosessering, og i liten grad til lagring.

4) Det strir imot all sunn fornuft at datasenter med så stort energiforbruk definerast som «Lett industri». Dette er gjort fordi ein vil unngå konsekvensutredning. Naturvernforbundet meiner at planane om datasenter er såpass kontroversielle at ein eigen konsekvensutredning er naudsynt. Dei nasjonale føringane er mangelfulle på dette punkt, derfor må ein nytte sunn fornuft og innsjå at dette langt i frå er nokon «lett industri»