Brann i rekkehus – éin person stadfesta omkomen

Av

Politi og brannvesen rykka laurdag kveld ut til ein brann i eit rekkehus i Vågåmo. Éin person er stadfesta omkomen, og tre personar er evakuert frå naboleilegheiter.

DEL

- Politi og brannvesen kom raskt til staden. Éin person er bekrefta omkomen. Den andre leilegheita er evakuert, fortel politibetjent Kristian Garcia de Presno på staden.

Det har vore stor røykutvikling, og alle naudetatane rykka ut.

Etterforsking pågår nå på staden.

Politiet meldar at brannvesenet har kontroll på staden, men at det framleis er noko røykutvikling.

Artikkeltags