Blir oppretta omsorgstilbod for barn til dei som må gå på arbeid for å sikre liv og helse

Norge er over i ei ny fase. Alle skular og barnehagar blir stengt. Det blir oppretta omsorgstilbod for barn til dei som treng å gå på arbeid for å sikre liv og helse

DEL

Følgjande pressemelding gjekk ut frå Vågå kommune torsdag ettermiddag:

Statsministeren sitt kontor kom med ny informasjon i dag kl. 14.00 etter at Norge er over i ei ny fase. Det er nå smittetilfelle som ikkje kan sporast til reise i utlandet. Alle skular og barnehagar blir stengt frå torsdag 12. mars til og med torsdag 26. mars. Dette får store konsekvensar for arbeidsplassane i Vågå. Vågå kommune ber om at innbyggjarane stiller til dugnad for samfunnet og hjelper kvarandre.

Alle må samarbeide og finne kreative og gode løysingar.

Det blir oppretta omsorgstilbod for born til dei som treng å gå på arbeid for å sikre liv og helse. Det gjeld først og fremst helse- og omsorgstenester, men også andre samfunnskritiske funksjonar. Det blir også eit omsorgstilbod til barn med særskilde behov.

Alle som kjem frå reise i "utanom-nordiske" land etter 27. februar skal i karantene i 14 dagar etter at dei kom heim.

Staten gjev utreiseforbod til utlandet for helsepersonell (dei vil få dekka sine utgifter). Forbodet gjeld ut april månad.

Detalj- og varehandel blir halde ope så det er ingen grunn til å "hamstre" mat.

Det er i Vågå berre ein påvist smitta og kommunelegen har foreløpig god kontroll over situasjonen.

Artikkeltags