Biskopen er letta over at brannstiftaren truleg er tatt

Biskop Solveig Fiske

Biskop Solveig Fiske Foto:

DEL

- Eg er letta no som politiet truleg har tatt det som er brannstiftaren i Nord-Gudbrandsdal.

Det seier biskop Solveig Fiske etter at det laurdag kveld vart kjent at politiet har sikta og varetektsfengsla ein person.

– Kyrkjebrannen på Dombås 20. februar i år, og forsøket på å stifte brann ved Sel kyrkje ein månad seinare, har vore ein stor belastning for heile lokalsamfunna.

Biskop Solveig Fiske vil få rette ein stor takk til kvar einskild som har stilt opp for medmenneske og kyrkje. Ikkje minst alle frivillige som har stilt som vakt rundt kyrkjene.

Artikkeltags