Ved 16-tida torsdag ettermiddag rykka naudetatane ut til eit trafikkuhell på riksveg 15.
Ein personbil har køyrd i grøfta mellom Lalm og Vågå.
Politiet i Innlandet melder at det er ein person involvert. Det er ikkje meldt om personskade.
Bilen skal ha gått rundt og landa på hjulene i vegbanen.
Trafikken blir dirigert forbi.