Avlyser festen med Rotlaus og Spelloppmaker i Utgard

Monika Øyen er lei seg for at dei må utsetja festen, men trur dei fleste har forståing for det.

Monika Øyen er lei seg for at dei må utsetja festen, men trur dei fleste har forståing for det. Foto:

Smittefaren sett ein stoppar for festen med Rotlaus og Spelloppmaker i Lom laurdag.

DEL

På grunn av smittevernsituasjonen som fylgje av koronautbrotet har smittevernlegen i Lom kommune gjeve pålegg om å avlyse konserten med Rotlaus og Spelloppmaker i Utgard 7. mars, skriv konstituert administrasjonssjef i Lom kommune, Trond Byre-Haakensen, i ei pressemelding fredag kveld.

Grunna dette pålegget blir konserten flytta til 23. mai.

- Veldig kjedeleg

Monika Øyen fortel til Norddalen at alt var ferdig rigga og at dei berre venta på banda.

– På grunn av smittefaren må vi utsetja festen som skulle ha vore i Utgard i morgon, laurdag. Det er veldig kjedeleg for her er alt ferdig rigga og vi ventar berre på banda, men slik situasjonen har utvikla seg må vi utsetja festen, seier Øyen. Avgjersla er tatt saman med smittevernlegen i kommunen.

Billettane som er kjøpt er fortsatt gjeldande og treng ikkje bytast. Dei som ikkje har høve til å kome på konsert denne datoen eller av andre grunnar ikkje ynskjer å kome kan få billettane refundert.

Laurdag skulle Spelloppmakar vera oppvarmingsband. Dei kjem ikkje til Lom 23. mai, men Øyen lovar at dei skal finne eit anna band på same nivå.

Artikkeltags