Vågå kommune arrangerer tilflyttartreff i Ullinsvin tysdag 12. september.
Tilflyttartreffet er for dei som ønskjer å få eit større nettverk, både om ein er heilt ny i Vågå eller har budd i Vågå ei stund allereie.
I Ullinsvin skal det vere hagevandring og informasjon om Prestegarden ved Kari Hølmo Holen. Det blir også matservering og mingling.
Vågå kommune opplyser på sine nettsider at det er plass til om lag 30 deltakarar. Det er påmelding til arrangementet.