Vi er forferda når vi ser det som går føre seg nå i Ukraina.

Russland har brote folkeretten, og eg støtter fordømminga frå styresmaktene både i Norge og frå våre allierte. Krigshandlingane må stoppe straks, og fredsforhandlingar må starte.

Eg tenker mye på alle dei som nå er redde, både barn og vaksne. Vi høyrer historier om drap og sivile, falne soldatar og bombing av byar og infrastruktur. Det er vondt å sjå bileta av fortvilte menneske som flyktar frå heimane sine.

Nå står vi saman med kyrkjer verda over. Vi ber for folket i Ukraina og for alle som er urolege og redde. Vi vil syne vår solidaritet i ord og handling og ber om at statsleiarane må finne fram til ei rettferdig og fredeleg løysing.

I Norge bor det folk både frå Ukraina og Russland. Alle som har familie i Ukraina er bekymra for sine nærståande. Det er viktig at vi er merksame på kor vanskelege dagane er for dei nå. Det er også viktig at vi har omtanke får våre russiske innbyggarar. Dei er ikkje skyld i kva styresmaktene i Russland gjer, og må ikkje utsettast for hets.

Innbyggarane i Ukraina treng humanitær bistand, og eg er glad for at regjeringa sett av store midlar til formålet. Så vil eg oppmode oss alle som ynskjer å hjelpe, til å gi støtte gjennom organisasjonar som Kyrkjas Naudhjelp, Redd Barna, Flyktninghjelpa og andre som gjer ein avgjerande innsats.

Ein halv million menneske er nå på flukt. Mange av dei vil komme hit. Som kyrkje står vi klare til å ta imot dei som har vore tvunge til å reise frå heimlandet og sine kjære. Vi vil ta imot dei med omtanke og omsorg.

Kyrkja formidlar evangeliet, og evangeliet har ein bodskap om Jesus som verdas lys. Det lyset skin i myrkret, og myrkret kan ikkje slokke det!