– Da vi fekk tilbodet om å ta over her takka vi ja. Det var spontant. Vi hadde lyst til å prøve noko nytt, fortel Anne Mari Røe og Daniel Skogum.

– Samtidig er det ein marknad for det, og det hadde vore trist om kjøttforretninga hadde vorte borte, legg dei til.

Dei to lalmingane tok over drifta for om lag ei veke sidan. Bedriftsnavnet, oppskriftene og smakane skal dei føre vidare.

– Vi har fått mange attendemeldingar om at folk tykkjer det er bra at vi tek vare på det.

Nå gler dei seg til å kome ordentleg i gang.

– Det blir spennande. Og løyle, seier Skogum.

Heilt nytt for båe to

Det er mykje nytt å lære for to som aldri har vore borti noko liknande tidlegare.

For medan Skogum har jobba som gravemaskinførar, har Røe utdanna seg innan barne- og ungdomsarbeid.

– Dette er heilt nytt for oss båe, så det er mykje nytt å lære og mykje å sette seg inn i, fortel Røe.

Nå er paret i gang med opplæring og produksjon. Svein Moen skal vere med dei ei stund framover til dei kjem skikkeleg inn i det.

I fyrste omgang er det «kjøttkaku», karbonadar og morr dei skal konsentrere seg om. Men, dei tek også bestillingar på andre ting og utvalet i kjøttforretninga kan bli større etter kvart.

Ein av tinga dei ser for seg er sylte, men dei er også opne for å ta imot forslag.

– Vi må sjå det litt an kva folk vil ha. Folk kan gjerne kome med innspel, fortel dei to.

– Glad det er nokon som tek over

Moens Kjøttforretning i Vågå vart etablert for 57 år sidan, i 1964.

Tidlegare drivar Svein Moen, er som nemnt med Røe og Skogum nå i starten. Han tykkjer det er bra at nokon ønskjer å ta over. Og han er ikkje redd for at dei ikkje får det til.

– Eg er glad det er nokon som tek over forretninga. Eg har tru på at dette kjem til å gå bra, seier han.

Dei nye drivarane er innstilte på at det nok kjem til å bli mykje jobb og travle tider. Kanskje særleg i tida fram mot jul, som vanlegvis er travel. Og dei fortel at det blir lange dagar no i starten. Dei trur derimot at det vil gå seg meir til etter kvart.

– Det blir nok travelt, men løyle. Det er betre at det er for mykje å drive med enn for lite. Og marknaden er der, er dei samde om.

I utgangspunktet er det dei to som skal jobbe i kjøttforretninga, men om det blir mykje å gjere er ikkje Røe og Skogum ukjend med moglegheita for at dei kanskje kan tilsetje fleire folk.

Butikken skal etter planen opne i slutten av august, men dei tek imot bestillingar allereie. Røe og Sandum opplyser at det vil kome meir informasjon om mellom anna opningstider etter kvart.