Gå til sidens hovedinnhold

30 smitta i Vågå

Det er per 30.08. registrert 30 smitta i Vågå, og smittevegen er kjent.

Det melder Vågå kommune måndag kveld.

"Det har vore gjennomført testing av 7. klassetrinn på Vågåmo skule i dag, men det er ikkje registrert ny smitte korkje blant skuleelevar eller tilsette. Det vil bli gjennomført testing av 6. klassetrinn i morgon, tysdag 31.8.

Dette er i tråd med den nye koronaforskrifta som m.a. seier at barn og unge under 18 ikkje skal i karantene sjølv om dei er registrert som nærkontakt, så sant dei ikkje har testa positivt på korona. I staden skal dei testast ofte. Dette for å unngå konsekvensane ved å måtte stenge skular, barnehagar og andre aktivitetstilbod for barn og unge ved smitteutbrot.

Det er ei forventning om auka smitte i samfunnet, og tiltaka som følger av Covid-19 smitte er i stadig endring. Samfunnet er i stand til å handtere meir smitte no når dei mest sårbare og utsette gruppene i befolkninga er fullvaksinerte", melder Vågå kommune.