Det går fram av ei melding frå Vågå kommune onsdag kveld.

I løpet av onsdag vart 150 testa enten med hurtigtest eller med PCR-test (som blir senda til Lillehammer). Testing av 7. og 9. trinn onsdag har ikkje avdekka ytterlegare smitte.

I dag, torsdag, vil det bli tatt ytterlegare testar av skuleelevane både på Vågåmo skule og Vågå ungdomsskulen. Elevane vil bli kontakta på sms.

Vågåmo skule og Vågå ungdomsskule vil ha heimeskule i dag, opplyser Vågå kommune. .

Søre Grindstugu barnehage har også fått smitte og småbarnsavdelinga blir stengt inntil nærmare avklaring. Barnehagen vil bli halde ope, men vil drifte etter gult trafikkljos. Det inneber mellom anna avgrensa opningstid, inndeling i kohortar og styrka reinhald. Foreldre vil få nærmare beskjed frå barnehagen.

Kulturskulen vil halde stengt denne veka. Vaksenopplæringa vil opne opp att fredag 27.08.21.

– Dersom det er nokon som har symptom eller har mistanke om å vere nærkontakt med smitta, ber vi dei om å ta kontakt med koronatelefon 952 53990 for å avtale testing. Koronatelefonen har utvida opningstid torsdag og fredag frå 08.30-15.00, opplyser Vågå kommune.