- Vågå kommune har fått eit utbrot, hittil har vi 11 smitta personar primært knytt til eit arrangement i Sjårdalen laurdag 20.november. Arrangøren har oversikt over namn og telefonnummer på alle som var der og dei blir bedne om å testa seg, melder Vågå kommune i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Per nå kjenner kommunen til at nokon av dei smitta har vore på følgjande arrangement og kommunen oppfordrar andre som deltok her om å testa seg:

  • 23.11.21: Vågå hotell; arrangement for Hørselshemma og for Fagforbundet


  • 27.-28.11.21: Fotoutstilling og julemarknad i Ullinsvin


  • Alle som har vore på andre større arrangement i løpet av helga bør også teste seg.


- Vi ber om at innbyggjarane er fornuftige og følgjer smittevernråda framover. Målet er å avgrensa vidare smittespreiing inn mot julehøgtida. Du kan hente sjølvtest på helsesenteret. Du er ikkje i karantene dersom du får negativt svar på hurtigtest og du ikkje har symptom, men vær likevel varsam, skriv Vågå kommune i pressemeldinga.

Det blir anbefalt å bruke munnbind i nærkontakt med helse- og omsorgstenester, i kollektiv trafikken, butikkar, taxi og i alle situasjonar der du ikkje kan halde nødvendig avstand.

Kommunen oppfordrar alle til å vaksinere seg.